I vinterferievekene var løypetraseen
klar frå Trelvatn til Blekkvasshytta og vidare til Spjotvasslia og
hyttefelta på Katerås. Løypetraseen måtte ryddast for mindre tre og
kratt og blei så kjørt opp med løypemaskin. Dermed var løypenetta på
Katerås og Felle kobla saman!
I hyttefelta på Katerås blei 2
rundløyper kjørt opp med snøscooter og løypeleggar. Den eine løypa gjekk
frå felt 3 mot Moriptjønn og tilbake over Steinstjønn. Den andre frå
felt 2 mot Urfjell og tilbake over Lille Steinstjønn. |